onsdag 12. juni 2013

Stord Rundt

Fredag den 7. juni kl 1930 gjekk starten for årets Stord Rundt regatta. Ved Bjelkarøy utanfor Hjellestad.
Eg tok båten opp til Fitjar torsdagen. Per Svein, Joao og meg starta ut frå Fitjar fredagen i 1530 tida, gjekk for motor heile vegen til Bjelkarøy.

Nordvestlig vind styrke 4-5 m/s som også var meldt fleire dager på førehand.
Det var ein start kl 1900 og ein kl 1930. Me starta i klassen med gennaker. Dette pga av at det skulle bli fin nordveslig vind gjennom natta.
Men rett før start dreide vinden til meir sør vestlig så me fekk ikkje benytta gennakeren før ved Austvolls landet.

Svært varierande vind gjennom heile seilasen for vår del, og med lite vind sakka me akterut i forhold til mange av konkurrentane.
Fekk litt vind i Korsfjorden, men den løya og me vart liggande i ein del bølger og liten fremdrift.
Ved passering av Sigleflu så vart vinden omtrent platt lens heilt til Store Hestholmen.
Me prøvde med gennakeren utan særlig hell. Og valgte etter ei stund å kun seila med genoaen igjen.
Vinden løya meir utover natta og me rek heldigvis medstraums med 1-2 knop.
Inn mot Leirvik og mål gjekk det sakte bortsett frå eit par råser ved Kværner Stord.
Sleit oss i mål i omtrent null vind ca kl 0625.
Det var ikkje mange båtar bak oss for å sei da sånn.
Men ein fin natt seilas hadde me gjennomført.


Per Svein

Joao

Ved starten



Ved Sigleflu. Foto Tørres Edvardsen

Ved Sponavika. Foto Ragnar Rommetveit






onsdag 29. mai 2013

2. Plass. Jippi!

Lite vind
Tirsdag den 28. mai og ein ny seilas.
Denne gang med start frå Leirvik og styrbord runding av Hidle øyane.
Mannskap denne gangen var Joao.
Me hadden ein god start og fin vind til Ystøya, der gjekk me litt for nærme land og blei
liggande litt etter dei fleste av dei 8 båtane som stillte til start.

So stillna vinden og med sterkt straum så valgte me å seila rett mot Hidle.
Fleire båtar valgte ein kurs rett oppover Langenuen.

Me tente mykje på dette valget og tok igjen dei fleste.
Shantynette var første båt til Hidle og måtte ta målgang der pga. klokka då var 2000.
Me var båt nr 2 i mål som også blei plasseringa på utrekna tid.

Kjekt å vera på pall plass til ein forandring.

Stillt
Joao, alltid tid til kaffie og kjeks
 



søndag 26. mai 2013

Vårpussen

Då var vårpussen ferdig for denne gang. Hvertfall så har skutesidene blitt vaska og bona.
Og nytt bunnstoff er blitt påsmurt. No gjenstår bare vasking og boning dekket.

Nye kranen til Eldøyane Sjøsportsenter fungerte svært bra, slik at opptak og sjøsetting var mykje
enklare i år enn tidligare då me har brukt mobilkran.








torsdag 9. mai 2013

Første tysdagsseilas i år

Tysdag 7. mai gjekk årets første tysdgasseilas av stabelen.
Der heile 8 båtar på stillte til start. Fine forhold, med 2-5 m/s vind.

Start frå Eldøy med styrbord runding Hestholmflua og Otterøya.
Me starta med gennaker, men fekk litt tull når me skulle få den uta av "strømpa",
men det gjekk greit etter ei stund.
På kryssen frå Hestholmflua til Eldøy vart det for lite vind til oss, og vart forbi seilt av alle.
Men klarte til slutt å komma i mål som båt nummer 7, og det vart også plasseringa etter utrekninga tid med dei nye Nor-Rating tala.


mandag 6. mai 2013

Seilasen Gnuen 2013


Ved starten på Leirvik

Søndag den 5. mai tid for seilasen Gnuen.
Start frå Leirvik, til Grovaholmen vidare til Fjæraflua ved Nord Huglo, rundt Hidle og tilbake til Leirvik.
Ca. 16 n.m.

Fin sørlig vind oppi 12 m/s, overskya og stort sett opplett ver.
Mannskapet i dag bestod av Per Svein.
Me var påmeldte utan gennaker. Med lite trening med gennakeren, lite mannskap og litt for mykje vind så var heilt greit å seile kun med storseil og genoa. Og med seiling etter dei nye Nor-Rrating tall
ene så er det mykje gunstigare å seila utan gennaker enn ved bruk av dei "gamle" Lys-tala.

Starten var grei, men der me var så stilna vinden. Følte at me hadde god klaring til Ystøy men straumen tok oss så det var såvidt me klarte å "kneka" oss forbi øya, med få meters klaring.

Nordover Langenuen gjekk dei greit med spridd genoa. Tenkte litt på å reva storseilet på kryssen til Hidle, men vinden løya litt så det gjekk bra.
Frå Hidle mot Leirvik fekk me litt stikk i skjøtene og farten viste på GPS'en 8 knop.

Var 4. båt i mål av 8 startende. Første utan gennaker/spinnaker.
Med 2. plass i klassen og 4. plass overall så var me svært fornøyde.
Ein flott seilas.
 

lørdag 30. mars 2013

Ny seil sesong

Har endelig fått av vinter presenningen og seila er kommt på.

Eg og Elina var på ein liten seiltur til Leirvik i strålande vær. Søndag den 24.mars.
Litt kaldt men ei sol som varma godt.
På Leirvik var det fleire gjeste båtar som hadde starta påskeferien allerede.
Me overnatta der og i løpet av kvelden kom det inn fire seilbåtar fra Sjøspeidarane i Sandnes.

Neste dag var me tidleg opp og fekk lufta seila på heimvegen.




torsdag 13. desember 2012

Snø og meir snø

Så kom snøen litt for tidlig i vinter.
Har ikkje fått på presenningen som burde vært over båten no.
Og denne gangen blir visst snøen liggande i mange dager, som er mot normalt
her på vestlandet.

Har måtte måka av kalsjen eit par ganger.
Har også hatt motoren i gang med jevne mellorom.

Ellers så blir det spennande å sjå kva som vil skjer med LYS-systemet i 2013.
Ser ein artikkel i Seilmagasinet som verkar fornuftig "Mercedeser skal ikke konkurrere mot folkevogner"

http://www.seilmagasinet.no/id/39797