onsdag 28. august 2013

Håkonarseilasen - Brandasund

I år vart eg med på Håkonarseilasen, mange år sidan sist.
Eit fantasisk vær, sol og minst 20 grader.

Det blei soloseilas på meg, og med ein autopilot som ikkje alltid er til å stola på så kan det
fort bli litt hektisk.
Ein sørlig bris gjorde at det blei platt lens frå Spissøy og heilt til me runda inn Kyrkjesundet.

Ein kjekk kveld vart det i Brandasund og god fiskasuppa fekk me servert på Fabrikkloftet.
Mykje seilprat utover kvelden vart det også sjølvsagt.

Søndagen var det meldt samme vinden, men minkande utover dagen.
Fekk fin kryss sørover med 3-4 m/s før vinden stillna heilt ved passering av Sagvåg.
0,0 m/s på vindmålaren og motstraum gjorde at det tok tid å nå Bømlabrua.
Men fekk ein liten trekk til slutt og rek i mål i motstraumen.

Brandasund





onsdag 21. august 2013

Tur til Espevær

Tysdag kvelden den 20. aug.
Tur til Espevær i lett overskya vær og sør vestlig vind 3-4 m/s.
Altså vinden rett i mot. Gjekk for motor.
Når eg kom til Espevær fortøyde eg attmed ein båt av samme type berre 3 for lengre.

Gjekk ein tur til toppen av fjellet for å ta bilder og få litt trim. Espevær er ein svært fredelig og fin plass.
Overnatta  der til i dag.
På heimvegen fekk eg seilt ein del. Men vinden spakna innover fjorden så eg måtte starta motoren.
Ein fin tur.






mandag 19. august 2013

Kveldstur på fjorden

Måtte ut og seila ein tur i kveld.
Det  var så lenge sidan sist at det var spindelvev i riggen, ikkje bra.
Fin vind, sørlig 8-10 m/s.
Først gjekk kursen mot Tittelsnes og så vidare til Føyno.
Møtte også to andre seilbåter som var ute og lufta seilene.


Kjekt når autopiloten fungerer.

Båt frå Sagvåg.