mandag 6. mai 2013

Seilasen Gnuen 2013


Ved starten på Leirvik

Søndag den 5. mai tid for seilasen Gnuen.
Start frå Leirvik, til Grovaholmen vidare til Fjæraflua ved Nord Huglo, rundt Hidle og tilbake til Leirvik.
Ca. 16 n.m.

Fin sørlig vind oppi 12 m/s, overskya og stort sett opplett ver.
Mannskapet i dag bestod av Per Svein.
Me var påmeldte utan gennaker. Med lite trening med gennakeren, lite mannskap og litt for mykje vind så var heilt greit å seile kun med storseil og genoa. Og med seiling etter dei nye Nor-Rrating tall
ene så er det mykje gunstigare å seila utan gennaker enn ved bruk av dei "gamle" Lys-tala.

Starten var grei, men der me var så stilna vinden. Følte at me hadde god klaring til Ystøy men straumen tok oss så det var såvidt me klarte å "kneka" oss forbi øya, med få meters klaring.

Nordover Langenuen gjekk dei greit med spridd genoa. Tenkte litt på å reva storseilet på kryssen til Hidle, men vinden løya litt så det gjekk bra.
Frå Hidle mot Leirvik fekk me litt stikk i skjøtene og farten viste på GPS'en 8 knop.

Var 4. båt i mål av 8 startende. Første utan gennaker/spinnaker.
Med 2. plass i klassen og 4. plass overall så var me svært fornøyde.
Ein flott seilas.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar