fredag 6. januar 2012
lørdag 17. desember 2011
Vinter presenning
Så var endelig vinterpresenningen på plass. Og seila er tatt av og kjørt heim for tørking og lagring.
Var ikkje så lett å få ein passende anledning til å gjera dette i haust/vinter. Har stort sett vært kuling og regn det meste av tida.
Har i år huska på å ikkje la presenningen ligga ned på vinduene. Er lett for at vind og snø lager striper på dei.
Så no er det diverse som må gjerast i vinter, bl. a.har eg sendt autpiloten for service. Den har ikkje alltid vært til å stola på. Håper at Belamarin får fiksa den. Ellers så har eg investert i ny radio/CD spelar.
Og så er det toalettet......., motoren må få ny olje, filter osv.

fredag 18. november 2011
mandag 24. oktober 2011
Seilas for TV-Aksjonen
Søndag den 23. oktober.
Regatta til inntekt for TV aksjonen. 8 båtar stillte til start ved moloen på Leirvik.
Frisk søraust vind, såg vindmåleren over 14 m/s.
Seilasen starta etter gundermetoden, første båt i mål har vunnet.
Dette var ein svært kjekk måte å seile regatta på.
Me seilte 3 ganger rundt ein bane ved Leirvik havn.
Hadde reva begge seila godt, da viste seg å fungera bra i den sterke vinden.
Fekk og prøva for første gang å strama akterstaget for å bøya masta bakover.
Har endelig montert ein stramar mellom akterstaga med blokker frå Biltema, da fungerte bra.
Ein flott seilas der eg og papen vart nr. 4.

fredag 14. oktober 2011
mandag 10. oktober 2011
Wärtsilä Windjammer Race 2011
Lørdag den 8. oktober.
Stord seilforening sin 33. Windjammer regatta ble ein stor suksess, flott vær, fin nordlig bris og ikkje minst heile 48 båtar på startlinja.
I forkant av regattaen så fekk Chablis auka lystalet med 0,02 og er i skrivande stund på 1,23.
For vår del vart regattaen som dei fleste har vært i år, ein heller sein start. Seiler greit halve løpet for deretter å "tabbe" oss ut mot slutten. Me hadde fleire båtar med spinnaker etter oss heilt til Ilholmane. Men etter passering av Ilholmane så valgte me å gå forbi Tittelsnes og vart dermed tatt av straumen utover fjorden.
Men ein svært fin seilas og eit flott arrangement.

søndag 2. oktober 2011
Føyno
1. Oktober 2011. I dag har det vært eit nydelig og varmt "sommer" ver. Over 20 grader og vindstillt.
Me kom oss ikkje i båten før klokko var 1830. Planen var å finna ein plass å overnatta på Bømlo,
men fant ut at Føyno er ein fin plass å fortøya, og ein kjekk plass for ungene.
Det var god plass ved flytebrygga der, ut på kvelden kom det ein cabincruser så me
vart ikkje heilt åleina.
Da blir tidleg og fort mørkt om kveldane no, så det vart ikkje så mykje tid til å gå på land.
Om natta så forsvant godveret og regnet kom tilbake.
Men søndag formiddag så letta det og det vart etter kvart ein fin dag.
Heimvegen gjekk også for motor då vinden stillna heilt.
Kjekt med ein hausttur.

Abonner på:
Innlegg (Atom)