mandag 10. oktober 2011

Wärtsilä Windjammer Race 2011

Lørdag den 8. oktober.
Stord seilforening sin 33. Windjammer regatta ble ein stor suksess, flott vær, fin nordlig bris og ikkje minst heile 48 båtar på startlinja.

I forkant av regattaen så fekk Chablis auka lystalet med 0,02 og er i skrivande stund på 1,23.


For vår del vart regattaen som dei fleste har vært i år, ein heller sein start. Seiler greit halve løpet for deretter å "tabbe" oss ut mot slutten. Me hadde fleire båtar med spinnaker etter oss heilt til Ilholmane. Men etter passering av Ilholmane så  valgte me å gå forbi Tittelsnes og vart dermed tatt av straumen utover fjorden.

Men ein svært fin seilas og eit flott arrangement.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar