søndag 1. september 2013

Tur til Husnes båthavn

Fredag ettermidag den 30. august. Fint vær og ein sørlig fin bris.
Seilte slør og seinare platt lens når eg nærma meg Husnes.
Vinden auka på og var oppe i 8 m/s når eg nærma meg målet.

Lite gjestebåtar i havna, kun ein cabincruiser ved ei anna brygga var der når eg kom.
Ikkje heilt enkelt å legga til og fortøya til ei flytebrygga med "fralands vind" når ein er åleina.
Men etter nokre forsøk ved bruk av spring så fekk eg fortøyd. Det er då det hadde vært
kjekt med baugpropell.
Litt ut på kvelden kom ein Hanse 350. Slik at eg var ikkje heilt åleina ved brygga.

Om natta blås det opp og kraftige regnbyger som gjorde at det vart lite med søvn.

Heimturen om laurdagen var vinden vekslande frå nesten heilt vindstille til 8 m/s.
Heldigvis så var regnet fraværande så det vart ein fin seilas heim att.
Nye Danskebåten




Husnes båthavn



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar