onsdag 19. september 2012

Tirsdagsseilas på feil plass

Dvs. at i dag følte eg at me var på feil plass på regattabanen heile tida,
i forhold til vind og straum. Dette kan ein lett i etter tid heilt opplagt sjå og bortforklara.
I seiling kan det væra kjekt å ha litt flaks av og til. Noko eg føler er langt
mellom kvar gong det skjer.

Vind var det lite av i starten. Me starta med genaker, og etter alt for mykje kluss med heising
av den fekk me den til slutt opp. Men då var dei anrde båtane midtfjords.
Det er ikkje lett å seila platt lens med genaker, så det vart litt "kryssing" mot Otterøya.

Etter runding av Otterøya var det kryss tilbake til Eldøyane og mål.
Følte ei stund at me fekk ein fin "lift" mot Skjersholmane, men det varte ikkje lenge.
Gjekk alt for langt ut i fjorden, som resulterte i at me blei tatt av straumen.

9 båtar stillte til start i dag, Nord austlig vind frå 2 til 7 m/s på slutten, då regnet kom.
Men tross alt ein fin tur på fjorden denne kvelden også.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar