søndag 29. september 2013

Tur til Haugesund

Etter jobb fredag den 27. sept. seilte eg ein tur til Haugesund. Yr meldte om fint vær med ein nordlig bris. Og laurdagen var det meldt om sørlig bris.

Fekk ein flott tur over Sletto i solnedgnangen.
I Haugesund fant eg ein ledig plass ved hotellet Rica Maritim. Det var fleire seilbåter der.

Ryvarden fyr
Ein liten tur på byen høyrer med på ein fredagskveld.

Starta heimturen laurdag førmiddag, og ganske stillt på Sletto.
Fekk motorseilt ein del. Ved passering av Mosterhamn skifta vinden plutselig retning, og eg fekk motvind resten av turen.

Ryvarden fyr

Sletto

Haugesund

Haugesund




onsdag 25. september 2013

Årets siste tirsdags seilas

Tirsdag den 24. september var det fint vær og Yr meldte om fin nordlig bris utover kvelden.

9 båter stillte til start. Men rett før start kl 1800 så forsvant vinden heilt.
Men me rek faktisk over start som første båt. Utover mot Fyrøya så heiste me genakeren, men det det var for lite vind til å fylla den.

Rett før Fyrøya kom det eit vinpust og me såg plutselig for oss ein fin seilas til Hidle.
Men vinden forsvant igjen og me innsåg at det ikkje var mulig å nå maksimaltida på 3 timar.
No var det begynt å bli mørkt og me tennte lanterner var det bare å starte motoren og kjøyra tilbake til Eldøy.
Ein flott kveld på fjorden igjen.





lørdag 21. september 2013

Ein liten tur på fjorden

I går kveld fredag 20. september vart det tid til ein liten tur ut og seila.
Nydeligt vær med sørlig lett bris og ein nydelig solnedgang.
Genaker i lett bris

Fekk testa korleis det er å seila genaker åleina. Det gjekk greit
i så liten vind. Då var det kjekt å ha "strømpa" på genakeren.
Men det blir litt springing att og fram på dekket.
Heldigvis så ser det ut til at autopiloten fungerer no. Har hatt ein den
trøbbel med kompass delen.


Fin solnedgang

Kværner Stord as


søndag 1. september 2013

Tur til Husnes båthavn

Fredag ettermidag den 30. august. Fint vær og ein sørlig fin bris.
Seilte slør og seinare platt lens når eg nærma meg Husnes.
Vinden auka på og var oppe i 8 m/s når eg nærma meg målet.

Lite gjestebåtar i havna, kun ein cabincruiser ved ei anna brygga var der når eg kom.
Ikkje heilt enkelt å legga til og fortøya til ei flytebrygga med "fralands vind" når ein er åleina.
Men etter nokre forsøk ved bruk av spring så fekk eg fortøyd. Det er då det hadde vært
kjekt med baugpropell.
Litt ut på kvelden kom ein Hanse 350. Slik at eg var ikkje heilt åleina ved brygga.

Om natta blås det opp og kraftige regnbyger som gjorde at det vart lite med søvn.

Heimturen om laurdagen var vinden vekslande frå nesten heilt vindstille til 8 m/s.
Heldigvis så var regnet fraværande så det vart ein fin seilas heim att.
Nye Danskebåten




Husnes båthavn