onsdag 29. mai 2013

2. Plass. Jippi!

Lite vind
Tirsdag den 28. mai og ein ny seilas.
Denne gang med start frå Leirvik og styrbord runding av Hidle øyane.
Mannskap denne gangen var Joao.
Me hadden ein god start og fin vind til Ystøya, der gjekk me litt for nærme land og blei
liggande litt etter dei fleste av dei 8 båtane som stillte til start.

So stillna vinden og med sterkt straum så valgte me å seila rett mot Hidle.
Fleire båtar valgte ein kurs rett oppover Langenuen.

Me tente mykje på dette valget og tok igjen dei fleste.
Shantynette var første båt til Hidle og måtte ta målgang der pga. klokka då var 2000.
Me var båt nr 2 i mål som også blei plasseringa på utrekna tid.

Kjekt å vera på pall plass til ein forandring.

Stillt
Joao, alltid tid til kaffie og kjeks
 



søndag 26. mai 2013

Vårpussen

Då var vårpussen ferdig for denne gang. Hvertfall så har skutesidene blitt vaska og bona.
Og nytt bunnstoff er blitt påsmurt. No gjenstår bare vasking og boning dekket.

Nye kranen til Eldøyane Sjøsportsenter fungerte svært bra, slik at opptak og sjøsetting var mykje
enklare i år enn tidligare då me har brukt mobilkran.








torsdag 9. mai 2013

Første tysdagsseilas i år

Tysdag 7. mai gjekk årets første tysdgasseilas av stabelen.
Der heile 8 båtar på stillte til start. Fine forhold, med 2-5 m/s vind.

Start frå Eldøy med styrbord runding Hestholmflua og Otterøya.
Me starta med gennaker, men fekk litt tull når me skulle få den uta av "strømpa",
men det gjekk greit etter ei stund.
På kryssen frå Hestholmflua til Eldøy vart det for lite vind til oss, og vart forbi seilt av alle.
Men klarte til slutt å komma i mål som båt nummer 7, og det vart også plasseringa etter utrekninga tid med dei nye Nor-Rating tala.


mandag 6. mai 2013

Seilasen Gnuen 2013


Ved starten på Leirvik

Søndag den 5. mai tid for seilasen Gnuen.
Start frå Leirvik, til Grovaholmen vidare til Fjæraflua ved Nord Huglo, rundt Hidle og tilbake til Leirvik.
Ca. 16 n.m.

Fin sørlig vind oppi 12 m/s, overskya og stort sett opplett ver.
Mannskapet i dag bestod av Per Svein.
Me var påmeldte utan gennaker. Med lite trening med gennakeren, lite mannskap og litt for mykje vind så var heilt greit å seile kun med storseil og genoa. Og med seiling etter dei nye Nor-Rrating tall
ene så er det mykje gunstigare å seila utan gennaker enn ved bruk av dei "gamle" Lys-tala.

Starten var grei, men der me var så stilna vinden. Følte at me hadde god klaring til Ystøy men straumen tok oss så det var såvidt me klarte å "kneka" oss forbi øya, med få meters klaring.

Nordover Langenuen gjekk dei greit med spridd genoa. Tenkte litt på å reva storseilet på kryssen til Hidle, men vinden løya litt så det gjekk bra.
Frå Hidle mot Leirvik fekk me litt stikk i skjøtene og farten viste på GPS'en 8 knop.

Var 4. båt i mål av 8 startende. Første utan gennaker/spinnaker.
Med 2. plass i klassen og 4. plass overall så var me svært fornøyde.
Ein flott seilas.