mandag 24. oktober 2011

Seilas for TV-Aksjonen

Søndag den 23. oktober.
Regatta til inntekt for TV aksjonen. 8 båtar stillte til start ved moloen på Leirvik.
Frisk søraust vind, såg vindmåleren over 14 m/s.
Seilasen starta etter gundermetoden, første båt i mål har vunnet.
Dette var ein svært kjekk måte å seile regatta på.

Me seilte 3 ganger rundt ein bane ved Leirvik havn.
Hadde reva begge seila godt, da viste seg å fungera bra i den sterke vinden.
Fekk og prøva for første gang å strama akterstaget for å bøya masta bakover.
Har endelig montert ein stramar mellom akterstaga med blokker frå Biltema, da fungerte bra.


Ein flott seilas der eg og papen vart nr. 4.






fredag 14. oktober 2011

Haustferie

Torsdag den 13. oktober.
Haustferie og fint ver.
Ein liten tur med båten i finaveret. Lite vind så det ble motor denne gang.





mandag 10. oktober 2011

Wärtsilä Windjammer Race 2011

Lørdag den 8. oktober.
Stord seilforening sin 33. Windjammer regatta ble ein stor suksess, flott vær, fin nordlig bris og ikkje minst heile 48 båtar på startlinja.

I forkant av regattaen så fekk Chablis auka lystalet med 0,02 og er i skrivande stund på 1,23.


For vår del vart regattaen som dei fleste har vært i år, ein heller sein start. Seiler greit halve løpet for deretter å "tabbe" oss ut mot slutten. Me hadde fleire båtar med spinnaker etter oss heilt til Ilholmane. Men etter passering av Ilholmane så  valgte me å gå forbi Tittelsnes og vart dermed tatt av straumen utover fjorden.

Men ein svært fin seilas og eit flott arrangement.






søndag 2. oktober 2011

Føyno

1. Oktober 2011. I dag har det vært eit nydelig og varmt "sommer" ver. Over 20 grader og vindstillt.
Me kom oss ikkje i båten før klokko var 1830. Planen var å finna ein plass å overnatta på Bømlo,
men fant ut at Føyno er ein fin plass å fortøya, og ein kjekk plass for ungene.


Det var god plass ved flytebrygga der, ut på kvelden kom det ein cabincruser så me
vart ikkje heilt åleina.

Da blir tidleg og fort mørkt om kveldane no, så det vart ikkje så mykje tid til å gå på land.
Om natta så forsvant godveret og regnet kom tilbake.
Men søndag formiddag så letta det og det vart etter kvart ein fin dag.

Heimvegen gjekk også for motor då vinden stillna heilt.
Kjekt med ein hausttur.