lørdag 17. desember 2011

Vinter presenning

Så var endelig vinterpresenningen på plass. Og seila er tatt av og kjørt heim for tørking og lagring.
Var ikkje så lett å få ein passende anledning til å gjera dette i haust/vinter. Har stort sett vært kuling og regn det meste av tida.

Har i  år huska på å ikkje la presenningen ligga ned på vinduene. Er lett for at vind og snø lager striper på dei.

Så no er det diverse som må gjerast i vinter, bl. a.har eg sendt autpiloten for service. Den har ikkje alltid vært til å stola på. Håper at Belamarin får fiksa den. Ellers så har eg investert i ny radio/CD spelar.

Og så er det toalettet......., motoren må få ny olje, filter osv.





fredag 18. november 2011

Naustbakken

Torsdag den 17. november.
Ein ettermidagstur til Naustbakken for å fylla opp diesel tanken før vinteren.
Naustbakken er rett sør for innløpet til Røyksund kanalen, på austsida av Bømlo.
Her har dei fått kortautomat og diesel prisen er konkurranse dyktig i forhold til andre plasser i Sunnhordland.







mandag 24. oktober 2011

Seilas for TV-Aksjonen

Søndag den 23. oktober.
Regatta til inntekt for TV aksjonen. 8 båtar stillte til start ved moloen på Leirvik.
Frisk søraust vind, såg vindmåleren over 14 m/s.
Seilasen starta etter gundermetoden, første båt i mål har vunnet.
Dette var ein svært kjekk måte å seile regatta på.

Me seilte 3 ganger rundt ein bane ved Leirvik havn.
Hadde reva begge seila godt, da viste seg å fungera bra i den sterke vinden.
Fekk og prøva for første gang å strama akterstaget for å bøya masta bakover.
Har endelig montert ein stramar mellom akterstaga med blokker frå Biltema, da fungerte bra.


Ein flott seilas der eg og papen vart nr. 4.






fredag 14. oktober 2011

Haustferie

Torsdag den 13. oktober.
Haustferie og fint ver.
Ein liten tur med båten i finaveret. Lite vind så det ble motor denne gang.





mandag 10. oktober 2011

Wärtsilä Windjammer Race 2011

Lørdag den 8. oktober.
Stord seilforening sin 33. Windjammer regatta ble ein stor suksess, flott vær, fin nordlig bris og ikkje minst heile 48 båtar på startlinja.

I forkant av regattaen så fekk Chablis auka lystalet med 0,02 og er i skrivande stund på 1,23.


For vår del vart regattaen som dei fleste har vært i år, ein heller sein start. Seiler greit halve løpet for deretter å "tabbe" oss ut mot slutten. Me hadde fleire båtar med spinnaker etter oss heilt til Ilholmane. Men etter passering av Ilholmane så  valgte me å gå forbi Tittelsnes og vart dermed tatt av straumen utover fjorden.

Men ein svært fin seilas og eit flott arrangement.






søndag 2. oktober 2011

Føyno

1. Oktober 2011. I dag har det vært eit nydelig og varmt "sommer" ver. Over 20 grader og vindstillt.
Me kom oss ikkje i båten før klokko var 1830. Planen var å finna ein plass å overnatta på Bømlo,
men fant ut at Føyno er ein fin plass å fortøya, og ein kjekk plass for ungene.


Det var god plass ved flytebrygga der, ut på kvelden kom det ein cabincruser så me
vart ikkje heilt åleina.

Da blir tidleg og fort mørkt om kveldane no, så det vart ikkje så mykje tid til å gå på land.
Om natta så forsvant godveret og regnet kom tilbake.
Men søndag formiddag så letta det og det vart etter kvart ein fin dag.

Heimvegen gjekk også for motor då vinden stillna heilt.
Kjekt med ein hausttur.

onsdag 28. september 2011

Siste tirsdagsseilas i år

Den 27. september.
I dag gjekk starten frå Eldøy og med styrbord runding Hestholmflua.
I god sørleg vind over 12 m/s i kastene.

Me hadde reva både storsseilet og genoaen.
Hadde ein god start, men me gjekk for langt mot Digerneset og fekk mykje motstraum der.
Tapte ein del på det. 5 båtar var med i dag.
Det vart ein fin tur sjølv om me ikkje vant i dag heller.

Me får komma sterkare tilbake neste år.
Mannskap ombord i dag var Per Svein, og Ragnar R.

Sjå link til Stord Seilforening sine sider her.






tirsdag 20. september 2011

Tirsdags seilas

20. septemeber. I kveld var det fint vær for regattaseiling.
Temperatur 13 grader, opplett og sørvestlig vind som var oppi 10m/s.
Mannskap i dag var Per Svein.
Starten gjekk frå Leirvik med babord runding Hidle.
Me var litt seine i starten og var sist av 4 startande båtar mot Fyrøya.
Frå Hidle til mål seilte me med mykje innslag i storseilet, burde flatet det bedre ut
eller reva litt.
Klarte å komma i mål som båt nr 3. Men med litt for liten margin
så enda me allikevel på 4. plass.
Ein kjempefin tur.






søndag 11. september 2011

Søndagstur rundt Fjelberg

Søndag 11. september.
Svært variert vær med regnbyger og sørlig vind opp i 11 m/s.
Starta ut med full seilføring, fant ut at eg ville reva storseilet ein del for å
få ein meir behagelig seilas.
Vart ikkje med på regattaen Fjelberg rundt i dag pga. mannskapsmangel,
og det er ikkje lett å seila åleina når autopiloten ikkje er heilt til å stola på.
Hadde håpa på at autopiloten var iorden i dag etter restarten og kalibreringa,
men det ser ut for at eg må senda den til leverandøren for service.
Det vart ein fin tur og tid til å drikka kaffie i Fjelbergsund.



fredag 2. september 2011

Kalibrering av autopilot

Fredag den 2. september. Ein liten tur på fjorden for å kalibrera autopiloten. Har hatt litt problem med at autopilot kompasset "henger" seg opp. Har reset systemet, og då må eg ta nokre 360 graders rundinger med båten for å kalibrera systemet. Ser ut til at den fungerer no.



Været var fint med ein liten bris 1-2 m/s. Seilte til Leirvik. På heimvegen auka vinden og då eg runda Eldøyane var vinden oppe i 10 m/s.




onsdag 31. august 2011

Tirsdagsseilas 30. august.

Ny seilas og nye muligheter. Start fra Eldøy, rundt Nautøy og Føyno.
Fekk ein bra start denne gangen, men tok eit slag inn mot Horneland som me tapte mykje på.
Fekk mykje motstraum utover mot Nautøya, og lite vind.
Yr meldte 9 m/s kl 1900 ved Otterøya, men dei tok feil denne gangen og.
Vinden stillna heilt når me passerte under Bømlabrua, og me rek til Stord
brua, der det kom ein liten bris og regn.
"Mållinja" såg me aldri, men etter å tatt ein telefon til ein båt som låg langt føre oss, så fant me ut at me hadde passert mål.
Resultat nr. 7 av 9 båtar.
Ein fin tur denne gangen også.


tirsdag 23. august 2011

Tirsdagsseilas 23. august.

Ein ny tirsdagsseilas og nye muligheter.
I dag var været heilt perfekt. Med 18-20 grader i lufta, sol og 5 m/s nordleg vind store deler av turen.
Starten gjekk frå Leirvik med styrbord runding Hidle.
9 båtar stillte til start.
Me runda Hidle som båt nr 2, kun ein Elan 37 framom oss.
Då kom gennakerne og me ble forbi seilt av fleire.
Men etter runding av Hidle fekk me skarp slør og god fart i båten igjen, og kom i
mål som båt nr 4.







lørdag 20. august 2011

Shorthandsailing

Lørdag den 20. august.
Då eg av ulike årsaker ikkje kunne delta på Håkonarseilasen som går over to dager, så ble det ein ettermidagstur i staden for.

Frisk vind 8-9 m/s og lettskya.
Seilte kun for genoaen, dette er behagelig når det blåser litt.
Farten var oppe i 7,7 knop.
Turen gjekk til Tittelsnes for å ta en kikk på dei nye funkis hyttene.








onsdag 17. august 2011

Tirsdagsseilas 16. august.

I fint vær og ein liten bris, gjekk starten frå Eldøy med styrbord runding av Otterøya.
Me var litt trege i starten, og eg var ikkje heilt fornøyd med farten i båten utover mot Otterøya.
Men me fekk runda Otterøya, og når gennakerene kom opp blei me akkterut seilt av dei fleste. Og vinden stillna heilt på veg mot mål.
Da som er fint når ein ikkje har gennaker er at ein får tid til kaffie og kaker.
Og me kom oss i mål til slutt.
Ein fin tur i fint vær.







søndag 14. august 2011

Naustbakken

Fredag den 12.08.2011, tur til Nustbakken.
Fint vær og ein fin bris, brukte kun genoaen.
Overnatta ved kaien til Kortbunkers.
Nydelig solnedgang, og deretter flott fullmåne.




onsdag 3. august 2011

Hidleseilasen

Hidleseilasen til Fjelberg, fredag den 29. juli til søndag den 31. juli.
Regattaen starta frå Leirvik kl 1800 fredagen. Fin nordlig vind 8 m/s. Seilte skarp slør med god fart i båten til Hidle, over 8 knop. Og med platt lens til mål i Fjelbergsund.

Mange kjekke arrangement på Fjelberg i løpet av helga. Med bl.a. julibord på lørdagskvelden.

Del to av regattaen på søndagen starta med lite vind som etter ei lita stund vart til heilt vindstille. Me rek medstrøms med 1-1,5 knops fart til Ilholmane der me fekk ein fin bris som gjorde at me klarte maksimaltida på 3,5 timar.
14 båtar deltok på regattaen.

Sjå resultatlista her: Hidleseilasen




lørdag 30. juli 2011

Kopervik

Fra Haugesund gjekk me vidare til Kopervik.
Her har dei ei fin gjestebrygge, og det var merkelig at det ikkje var fleire båter i hamna.
Kopervik viste seg å være ein koselig liten "by".

tirsdag 26. juli 2011

Haugesund

Mandag den 25. juli. Tur til Haugesund. Starta ikkje ut før kl 1830. Ein fin tur for motor, heilt blikkstille heile vegen. Var framme i 2200 tida. 23,7 n.m.
Fekk plass ved hotell Maritim, utanpå ein Contest 43.