fredag 3. mars 2017

Utskifting av batteri.

Så var det nok på tide å skifte ut forbruks batteriene. Dei gamle var frå 2008, så dei er fleire år meir enn forventa levetid.
Da blei bly batteri denne gongen også, burde sjølvsagt investert i meir moderne teknologi. Men da får bli til neste utskifting. Har totalt 5 stk 115Ah batteri ombord. Tre stk til forbruk, eit til start og eit til ankervinsj.
Batteri bank.

mandag 27. februar 2017

Fjerning av presenningen.

Då var vinter presenningen fjerna. Dette må vera rekord tidlig, me er tross alt fremdeles i februar måned. Men eg fekk litt vår stemning i går.
Så er det bare å håpe på at det blir mange fine seilturer på fjorden i år også.



søndag 4. desember 2016

Singlehanded tirsdagsseilas 16. august 2016

Her er ein link til videoen på Facebook

onsdag 22. juni 2016

Tirsdagsseilas den 21.Juni 2016

Nok ein flott tirsdagsseilas gjennomført. 
Start frå Leirvik, og med babord runding av Nordre Ilholmen.
Ein fin sørlig bris opp i 6m/s gjorde at det blei ein rimelig rask seilas.

Flott at 10 båtar deltok, sjølv om nokre av "veteranane" ikkje var med i kveld.


Her er ein video frå seilasen:

https://www.youtube.com/watch?v=RHHwmDdQz0c





søndag 22. november 2015

Vinter

Då er vinter presenningen kommt på, i eit nydelig haustvær.


Har også snudd båten med baugen mot sør. Har inntrykk av at dei fleste kulingane/stormane kjem frå sør eller sør/vest.
Har også fortøyd med ekstra tau. Tatt av både forseil og storseilet. Luftavfukteren gjer at det er tørt ombord.
Så er det berre å venta på at sola snur og at det går mot lysare tider og vår igjen.

fredag 16. oktober 2015

Bunkring av diesel

Tur til Kortbunkers på Naustbakken, Bømlo for å fylla diesel.
Nydeligt haustvær, sol og 0-1 m/s vind.
Etterpå ble det testing av ankerspelet og tid for lunsj.
Er ikkje ofte at eg ligg for anker.

onsdag 23. september 2015

Lenge sidan sist oppdatering.

Gårsdagens tirsdagsseilas blei avholdt på Vikafle, Leirvik, Stord.
6 båtar stillte til start i lite vind og regn.
Men det blei ein spennande og uforutsigbar seilas.
Det blei nesten seilt ein runde.