torsdag 28. mai 2015

Tirsdagsseilas den 26. Mai.

Denne tirsdagen blei det baneseilas etter Gundermetoden frå Leirvik.
Dvs. båten med lågast lystal startar først, og første båt i mål har vunnet.
Starten var ved moloen på Leirvik, og med ein vind på 4-6m/s så blei da tre runder rundt banen.


Mannskap i dag var Elina. Og me fekk ein fin seilas, og eg syntes at me hadde god høyde på kryssen og god fart i båten.
Men av gamal vane så seilte me i mål slik me alltid har gjort på tisdagsseilasane, men det viste seg å vera feil. Så me fekk ingen plassering på resultatlista.
Men det var ein kjekk og spennandes regatta.
 

http://www.stordseilforening.no/




lørdag 11. april 2015

Fredag den 10. april 2015.
Første seiltur i år. Fin sørlig bris.
Seilte til Leirvik for å handla litt. Heile familien var med.
Håper det blir mange fine turer i sommer.

mandag 5. mai 2014

Gnuen - første regattaen i år

Søndag den 4. mai stillte fire båter til start i årets første regatta i regi av Stord Seilforening.
(Det burde vært fleire i eit slikt fint vær.)
Været vart som det var meldt på Yr, sol og ein fin sør austlig bris 1-5 m/s.
Starten som vanleg på Leirvik med runding av Grovaholmen lykt og vidare til Fjæraflu ved Huglo, rundt Hidle og tilbake til Leirvik.

Ved runding av Midtøy sette me gennakeren, og fekk fin medvind nordover Langenuen.
Etter Fjæreflu så var det kryss til Hidle, og ein litt aukande bris så gjorde at me god fart. Frå Hidle til Leirvik og mål så klarte me å halde kursen utan fleire kryssingar.

Når det gjeld plassering så vart det ein ikkje uventa 4. plass.
Oppsummering: Ein flott seilas i eit nydeligt vårvær.

fredag 14. mars 2014

Årets første tur med båten.


Onsdag den 12.mars 2014. Årets første tur med båten.
Gjekk for motor til Naustbakken og kortbunkers. Nydelig vær, sol og vindstille.
Fekk spylt og vasket dekket som var dekket av sand of skit.
På heimturen fekk eg ein fin vestlig bris, og rulla ut storseilet.

Kjekt å være på sjøen igjen, må da bli mange fine turar i år.

søndag 29. september 2013

Tur til Haugesund

Etter jobb fredag den 27. sept. seilte eg ein tur til Haugesund. Yr meldte om fint vær med ein nordlig bris. Og laurdagen var det meldt om sørlig bris.

Fekk ein flott tur over Sletto i solnedgnangen.
I Haugesund fant eg ein ledig plass ved hotellet Rica Maritim. Det var fleire seilbåter der.

Ryvarden fyr
Ein liten tur på byen høyrer med på ein fredagskveld.

Starta heimturen laurdag førmiddag, og ganske stillt på Sletto.
Fekk motorseilt ein del. Ved passering av Mosterhamn skifta vinden plutselig retning, og eg fekk motvind resten av turen.

Ryvarden fyr

Sletto

Haugesund

Haugesund




onsdag 25. september 2013

Årets siste tirsdags seilas

Tirsdag den 24. september var det fint vær og Yr meldte om fin nordlig bris utover kvelden.

9 båter stillte til start. Men rett før start kl 1800 så forsvant vinden heilt.
Men me rek faktisk over start som første båt. Utover mot Fyrøya så heiste me genakeren, men det det var for lite vind til å fylla den.

Rett før Fyrøya kom det eit vinpust og me såg plutselig for oss ein fin seilas til Hidle.
Men vinden forsvant igjen og me innsåg at det ikkje var mulig å nå maksimaltida på 3 timar.
No var det begynt å bli mørkt og me tennte lanterner var det bare å starte motoren og kjøyra tilbake til Eldøy.
Ein flott kveld på fjorden igjen.





lørdag 21. september 2013

Ein liten tur på fjorden

I går kveld fredag 20. september vart det tid til ein liten tur ut og seila.
Nydeligt vær med sørlig lett bris og ein nydelig solnedgang.
Genaker i lett bris

Fekk testa korleis det er å seila genaker åleina. Det gjekk greit
i så liten vind. Då var det kjekt å ha "strømpa" på genakeren.
Men det blir litt springing att og fram på dekket.
Heldigvis så ser det ut til at autopiloten fungerer no. Har hatt ein den
trøbbel med kompass delen.


Fin solnedgang

Kværner Stord as