mandag 17. april 2017

2. Påskedag og tur til Fjelberg.

Nydelig vær i dag, solskinn og vindstille. Så me måtte kjøra motor heile vegen.
Var innom butikken og handla litt middagsmat som me tilberedte ombord.

Kjekt å vera på sjøen i slikt vær og. På heimturen var det også heilt vindstille. Men det kom ei skikkelig haglebyga akkurat etter at me hadde fortøyd i heimehavna.




lørdag 15. april 2017

Første seilturen i 2017

Endelig blei det tid til ein seiltur på fjorden. Påskeaften og ein lett sørlig bris.
Først gjekk ferden til Naustbakken og så ein svipptur til Sagvåg.


fredag 3. mars 2017

Utskifting av batteri.

Så var det nok på tide å skifte ut forbruks batteriene. Dei gamle var frå 2008, så dei er fleire år meir enn forventa levetid.
Da blei bly batteri denne gongen også, burde sjølvsagt investert i meir moderne teknologi. Men da får bli til neste utskifting. Har totalt 5 stk 115Ah batteri ombord. Tre stk til forbruk, eit til start og eit til ankervinsj.
Batteri bank.

mandag 27. februar 2017

Fjerning av presenningen.

Då var vinter presenningen fjerna. Dette må vera rekord tidlig, me er tross alt fremdeles i februar måned. Men eg fekk litt vår stemning i går.
Så er det bare å håpe på at det blir mange fine seilturer på fjorden i år også.



onsdag 22. juni 2016

Tirsdagsseilas den 21.Juni 2016

Nok ein flott tirsdagsseilas gjennomført. 
Start frå Leirvik, og med babord runding av Nordre Ilholmen.
Ein fin sørlig bris opp i 6m/s gjorde at det blei ein rimelig rask seilas.

Flott at 10 båtar deltok, sjølv om nokre av "veteranane" ikkje var med i kveld.


Her er ein video frå seilasen:

https://www.youtube.com/watch?v=RHHwmDdQz0c





søndag 22. november 2015

Vinter

Då er vinter presenningen kommt på, i eit nydelig haustvær.


Har også snudd båten med baugen mot sør. Har inntrykk av at dei fleste kulingane/stormane kjem frå sør eller sør/vest.
Har også fortøyd med ekstra tau. Tatt av både forseil og storseilet. Luftavfukteren gjer at det er tørt ombord.
Så er det berre å venta på at sola snur og at det går mot lysare tider og vår igjen.