onsdag 5. september 2012

Tirsdagsseilas med frisk vind

Tirsdag den 4. sept. I dag var det meldt kuling fra sør vest.
Starten gjekk frå Eldøy med babord runding av Otterøy.
6 båtar stillte til start.
Med vind styrke over 17 m/s og regnbyger vart det ein frisk seilas.
Me seilte med godt inn reva både storseil og genoa.
Etter rudning  av Otterøya var farten over 10 knop.

Med godt  mannskap i dag som bestod av Per Svein og Joao,
så vart det ein fin tur.
Me vart båt nr. 2 i mål. Men  på utrekna tid så ble det kun 4. plass.




søndag 2. september 2012

Rosendal


 Tur til Rosendal for å delta på korseminar med Songlaget Stordabuen.

Fredag den 31. august var det fin seilevind frå Eldøyane nesten til Uskedalen.
Vind frå sør/vest styrke 7-9 m/s. Ein flott seilas med solnegang når eg
nærma meg Rosendal.

Etter eit kjekt seminar så var det tid for heimreise søndag ettermiddag.
No med mindre og vekslande vind i tillegg til regnbyger.


Ser ut til at autopiloten endelig fungerer slik den skal. Den styrte heile vegen utan å plutselig
å endra kurs. Håper at eg kan stola på den no.




onsdag 22. august 2012

Seilas med vekslande vær

Ny tirsdagsseilas. Denne gang med start frå Eldøy og styrbord runding av Hestholmflua.
Kun 6 båtar stillte til start i dag.
Starta etter Gundermetoden denne gang. Kjekt med litt forandring. Me måtte venta i nesten 13 minutter
etter startsignalet var blåst til det var vår tur å starta.

Ein fin start i ein fin sørlig vind 4-5 m/s. Når me nærma oss Hestholmflua stillna vinden meir og meir.
Fekk opp genakeren, då var det nesten heilt vindstille. "Rek" mot Skjersholmane då me såg ei mørk sky komma mot oss, og me høyrte lyden av regnet som var på veg. Fekk på sprayhooden og regnklær (for dei av mannskapet som hadde da med) akkurat før regnet auste ned.

Då kom det litt vind igjen sånn at me klarte å komma i mål før maksimaltida var ute.
Det blei ein 4. plass denne gang.
Nok ein gang så bomma yr.no kraftig på værmeldinga, som meldte om 3-5 m/s vind og opphaldsvær.


Vindstille før regnet kom med vind

onsdag 15. august 2012

Tirsdagsseilas med genaker

Tirsdagsseilas i sommar vær og ein fin bris, og heile 10 båtar på startstreken.
Lenge sidan så mange har vært med, svært kjekt.
I dag hadde me fått me også fått med oss Sigurd som mannskap.

Første seilas med genaker og andre gangen eg har hatt den oppe.
Hadde ein fin plassering i starten med genakeren oppe, men vinden stillna for oss.

Når me skulle jibba fekk me litt kluss med genakeren, nybegynner feil. Men den andre jibben gjekk betre.
Brukte også for lang tid med å skifta seil ved runding av Hidle.

Ein finn kryss tilbake til Leirvik. Men hadde for stor avstand til dei i teten.
På korrigert tid fekk me ein 7. plass. Det er "hard" konkurannse på tisdagsseilasane så for å hevda
seg i teten er det ikkje rom for å gjera store feil.

Tett i starten



Mojo




lørdag 11. august 2012

Fitjarfestival

Tur til Fitjar for å vera med på Fitjarfestivalen denne helga.
Med motvind styrke 7-8 m/s blei det motorkjøyring heile vegen.
I gjestehavna var det allerede ganske fullt med båtar når me kom.
Men var heldige og fekk tildelt ein fin plass midt i havna.

Fekk også sett litt av kunstverket i Fitjarøyane. Sjå link: http://www.ftgofbirds.net/






torsdag 26. juli 2012

Thailand

Denne sommerferien ble det tur til Thailand i fem veker. Derfor er det lite med oppdateringar på bloggen.

mandag 2. juli 2012

Tur til Skånevik

Ein overnattingstur til Skånevik.
Fjelbergsund


Nye naust i Skånevik

Tidlig morgen
Fint ver og heilt stillt på fjorden, så det vart motorkjøring heile vegen.
Ungane bada på "Peparen", temperaturen i sjøen var ca 16 grader.
Alltid eit par grader varmere i Skånevik enn heima har eg inntrykk av.

I Skånevik har dei endelig fått gang og sykkel veg inn mot sentrum, og oppgraderinga
av området mot "Peparen" har blitt skikkelig fint.

Me fortøydde båten ved Fjordresidensen, dette er ein grei plass med både vatn og straum tilgjengelig.
Arrangørane av Skånevik blues festival var allerede i gang med forberedelsene til årets festival.