lørdag 21. april 2012

Tid for vårpussen

Torsdag den 19. april, fekk eg heist båten på land for den årlige vårpussen. No er eg i gang med å vaske, bone og til slutt bunstoffe båten.

I den nye dokken på Eldøyane

Det blei seine kvelden og mørkt før det vart min tur.

mandag 16. april 2012

Seiltur i fint vær

Lørdag den 14. april,  var ein flott dag for ein seiltur.
Med sol og ca 10 grader i lufta, og 4-5 m/s sørvestlig vind.
Fekk testa autopliloten som endelig ser ut til å virka slik den skal.
Turen gjekk til mot Tittelsnes og vidare til Leirvik.
Fantastiske forhold på fjorden.

Møtte ein Hanse 34

Ser ut som ein speidarleir i Sponavikjo?

søndag 1. april 2012

Leirvik

Overnattingstur til Leirvik.
Eldste jenta ville overnatta i båten, og då tok me lika godt turen til Leirvik. Her var det allerede ein del gjestebåtar, som også har starta båtsesongen.

Ikkje så mange gradene i lufta, men med varmeapparet og vifteovn på, så fekk me opp temperaturen og hadde ein fin kveld i "heimehavna".
Gjestehavna i Leirvik, Stord.

lørdag 24. mars 2012

Ny sesong

Endelig vår og snart klar for ein ny sesong.
Har fått av vinterpresenningen, og fått på sprayhooden og genoaen. Mangler storseilet enda.
I går fekk eg vaska båten litt utvendig. Var svært "svart" etter vinterenes enrome nedbørsmengder og kulinger.
Fekk også tid til ein liten seiltur med kun forseilet.
No gjenstår kalibrering av autopiloten og montering av storseilet.
Fekk også testa Ipaden som kartplotter. Fungerte heilt topp.





fredag 6. januar 2012

Sommer i Bergen

No går det mot lysere tider igjen, og det er greit med å ha noko å sjå fram til.
Derfor kan det være kjekt med eit sommer bilde fra ferien 2011 i Bergen.

lørdag 17. desember 2011

Vinter presenning

Så var endelig vinterpresenningen på plass. Og seila er tatt av og kjørt heim for tørking og lagring.
Var ikkje så lett å få ein passende anledning til å gjera dette i haust/vinter. Har stort sett vært kuling og regn det meste av tida.

Har i  år huska på å ikkje la presenningen ligga ned på vinduene. Er lett for at vind og snø lager striper på dei.

Så no er det diverse som må gjerast i vinter, bl. a.har eg sendt autpiloten for service. Den har ikkje alltid vært til å stola på. Håper at Belamarin får fiksa den. Ellers så har eg investert i ny radio/CD spelar.

Og så er det toalettet......., motoren må få ny olje, filter osv.





fredag 18. november 2011

Naustbakken

Torsdag den 17. november.
Ein ettermidagstur til Naustbakken for å fylla opp diesel tanken før vinteren.
Naustbakken er rett sør for innløpet til Røyksund kanalen, på austsida av Bømlo.
Her har dei fått kortautomat og diesel prisen er konkurranse dyktig i forhold til andre plasser i Sunnhordland.