onsdag 22. juni 2011

Tirsdagsseilas 21. juni

Nydelig vær i dag. Med sol og 4-6 m/s vind.
Start frå Eldøy, rundt Føyno og Nautøy, videre under Stordbrua og til Eldøy.
Det var 8 båter som stillte til start. Med fekk ein bra start og seilte greit, vart båt nr 3 i mål. På utrekna tid vart me til slutt nr 5.



fredag 17. juni 2011

Husnes

Pinsehelg i Husnes båthavn.
Gjekk for motor pga vindstille. Det var mykje båtar i havna denne helga.
Me fekk plass utanpå ein Jeanneau 39i.
I sentrum var det tivoli, alltid kjekt for ungane. Ellers er det alltid mykje å finna på i denne flotte båthavna som fleire ganger er kåra til Norges finaste.


Søndagskvelden såg eg ei dua som kavte fælt i sjøen. Den såg heilt utslitt ut. Etter ei stund så låg den heilt stille i sjøen. Vinden tok den inn til brygga, slik at eg fekk tak i den. Hadde den ombord om natta og prøvde å få den til å eta litt. Det virka som at den kvikna til neste morgen og då eg skulle ta den med på land så fauk den heldigvis og me såg den ikkje meir igjen.




På heimvegen seilte me over til Huglo, så lenge det var vind og gjekk så gjennom Laukhammarsundet.

onsdag 8. juni 2011

Seilsportens dag

Tirsdag den 7. juni.
I dag arrangerte Stord seilforening seilsportens dag og tirsdagsseilas frå Eldøy. Det var bra oppmøte, og ein kunne få prøva seg på seilbrett eller i Optimist jolle dersom ein ønska det. Og det var servering av kaffie og kaker.

Lite vind gjorde at start og mål vart lagt heilt inne ved seilerhuset. Ei blåse vart lagt ut ved Eldøyneset slik at me runda den. Totalt 11 båtar stillte til start. (Rekord?) Me hadde ein god start og runda som båt nr 2, men på veg til mål kom gennakerene opp og me vart nr 5 i mål og på korrigert tid.
Eit flott arrangement i fint vær.






mandag 6. juni 2011

Søndags seilas til Naustbakken

Søndag den 5. juni. Fint ver og fin vind. Ein dags tur til Naustbakken på Bømlo. Var på land der og grilla medbrakt fisk. Måtte også testa fiske stanga. Fekk ein lyr på første kast, og ei pala på tredje.
Seilte med kun genoaen heim igjen, nordøst vind styrke 6-8 m/s.

onsdag 1. juni 2011

Tirsdagsseilas 31. mai

I dag var det fin vind 5-8 m/s, med sol av og til. Starten gjekk frå Leirvik med styrbord runding Hidle. 5 båtar stillte til start. Me hadde ein grei start, og mot Hidle var farten oppe i 8 knop.

Me var båt nummer to i mål. På korrigert tid fekk me 3. plass. Kun 10 sekunder bak Ove.
Mannskap i dag var far min og Per Svein.




torsdag 19. mai 2011

Tirsdagsseilas med god vind

Tirsdagsseilasen vart segla onsdag 18. mai.
Det var 6 båtar som stillte til start denne gang. Me var som vanleg seine i starten. Etter kvart fekk me god fart i båten og på veg mot Hidle var me oppe i over 9 knop. Vinden var sørleg, og måleren viste 10-12 m/s.

Mannskap denne gang var far min, Arne, Målfrid, og Per Svein. På kryssen tilbake mot Leirvik valgte me å reva forseilet i staden for storseilet. Det var kanskje ikkje så lurt.
Ein fin og frisk tur, der kaffie og kaker måtte venta til etter målgang.


onsdag 11. mai 2011

Tirsdagsseilas

Fekk satt båten på sjøen igjen søndag den 8. mai, etter den årlige vårpussen.

Tirsdag den 10. mai var me med på regatta for første gang i år. Været var nydelig, med vekslande vind. Turen gjekk frå Eldøy rund Hestholmflua og Otterøya.
Vinden var oppe i 8 m/s når me nærma oss Hestholmflua, men stillna mykje på veg mot mål. Dvs. me fekk ikkje vita kor mål var før båten var fortøyd i båsen.
Synes båtfarten var god, og me enda til slutt på ein 3. plass av 5 startande båtar.
Mannskap ombord var i tillegg til meg, far min og Per Svein Sakseid.