søndag 14. mai 2017

Tur til Espevær

Fredag den 12. mai. 2017.
Starta tidlig ut frå Eldøyane med kurs for Espevær. Strålande vær og med ein lett østlig bris som gav ein fin slørevind.


Litt varierande vindstyrke som endra retning og gjorde at eg fekk meir bidevind sør for Mostralandet.

På Espevær var det kun ein anna seilbåt som var på tur, slik at det var god plass ved kaien.
Overnatta der, og våkna til lett regn og stille vær.

Seilasen heim var prega av vekslande vind frå 2 til 8 m/s.


Ufo ringen, fortsatt synlig.

Ein nydelig solnedgang.





lørdag 29. april 2017

Testing av ny kartplotter.

28.04. 2017.
Ein kveldstur på fjorden for å prøva, og testa litt  korleis den nye kartplotteren virker.
Dette er av typen Raymarine ES75, med både "touch" skjerm og knapper.
Kjekt å skifta ut den gamle Garmin plotteren.




tirsdag 25. april 2017

Leirvik Gjestehamn

Ein liten formiddags tur til Leirvik gjestehamn.
Det var kaldt når eg starta ut om morgenen, faktisk litt is i båthamna.
Ein nordavind gjorde til at eg gjekk for motor, men fekk ein fin seilvind på heimturen.


mandag 17. april 2017

2. Påskedag og tur til Fjelberg.

Nydelig vær i dag, solskinn og vindstille. Så me måtte kjøra motor heile vegen.
Var innom butikken og handla litt middagsmat som me tilberedte ombord.

Kjekt å vera på sjøen i slikt vær og. På heimturen var det også heilt vindstille. Men det kom ei skikkelig haglebyga akkurat etter at me hadde fortøyd i heimehavna.




lørdag 15. april 2017

Første seilturen i 2017

Endelig blei det tid til ein seiltur på fjorden. Påskeaften og ein lett sørlig bris.
Først gjekk ferden til Naustbakken og så ein svipptur til Sagvåg.


fredag 3. mars 2017

Utskifting av batteri.

Så var det nok på tide å skifte ut forbruks batteriene. Dei gamle var frå 2008, så dei er fleire år meir enn forventa levetid.
Da blei bly batteri denne gongen også, burde sjølvsagt investert i meir moderne teknologi. Men da får bli til neste utskifting. Har totalt 5 stk 115Ah batteri ombord. Tre stk til forbruk, eit til start og eit til ankervinsj.
Batteri bank.

mandag 27. februar 2017

Fjerning av presenningen.

Då var vinter presenningen fjerna. Dette må vera rekord tidlig, me er tross alt fremdeles i februar måned. Men eg fekk litt vår stemning i går.
Så er det bare å håpe på at det blir mange fine seilturer på fjorden i år også.