onsdag 10. oktober 2012

Wartsila Windjammer Race 2012

Årets store happening for Stord Seilforening er Wartsila Windjammer Race som gjekk av stabelen
lørdag den 6. okt. Med heile 50 båtar påmeldt.
Og med relativt fine værmeldingar låg det an til å bli ein fin regatta.

Grunnen til denne seine oppdateringa på bloggen har sikkert litt med å gjera att plasseringa
ikkje blei som forventa denne gangen heller.
Me blei nr 37 ovar all, men tross alt 7 plasser betre enn ifjor.
Målet var å vera på midten av resultatlista, eller helst betre enn da også.
Men det kjem sikkert nye muligheter snart.......


Det er alltid lett i etterkant å sjå kor me valgte feil rute, og når genaker ikkje blir heist opp
på ein rett måte. Men me lærer stadig.

Utan tvil er starten svært viktig, her blei me liggande i eit "stille belte". Men fekk til
slutt vind og på vegen mot Hidle fekk me opp genakeren.
Fin bidevind opp til Ilholmane som me klarte å stå rett opp utan slag.
Ved runding av Ilhomane, såg det ut til at det skulle bli ein fin genakerseilas til mål,
men i staden for vart det heilt vindstille.

Me rek mot Tittelsnes, og det vart bingo om kven som fekk litt vind. Til slutt fekk me også
litt vind igjen og kom oss i mål.


Mannskap på Chablis var: Pim, Leif Rune, Per Svein og Harald.



Alle ombord var samde om at det hadde vært ein fin seilas i vekslande vind og vær.
Vind frå 0 til 5 m/s, og ein del regnbyger.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar