mandag 15. oktober 2012

Haustferie

Torsdag den 11. oktober. Nydeligt haustvær sol og ein fin austlig bris.
Me starta ut frå båthamna i Eldøy i femtida. Turen gjekk til Husnes
gjestehamn. Det var begynt å bli mørkt når me kom fram.



I havna var det 7-8 andre cabincruserer som også var på hausttur.
Det var nokså kjølig om kvelden så det er godt å ha landstraum og ein
god vifteovn som står på bles varm luft.

Me våkna til ein ny fin dag me fin soloppgang og heilt vindstille.
Etter frukost blei det tur til sentrum og ein del shopping på kjøpesenteret.



Fredagsettermiddag måtte me hiva laust og starta på heimturen.
No fekk me ein fin austlig vind mellom 5-9 m/s. Og me seilte slør med
genoa og reva storseil. Farten SOG var oppe i 9 knop.

Det går fint å seila med cocpitkalesjen på.
Kanskje dette vart den siste overnattingsturen i år?

Laste bøye frå Draugen-feltet klar for opphogging.



onsdag 10. oktober 2012

Wartsila Windjammer Race 2012

Årets store happening for Stord Seilforening er Wartsila Windjammer Race som gjekk av stabelen
lørdag den 6. okt. Med heile 50 båtar påmeldt.
Og med relativt fine værmeldingar låg det an til å bli ein fin regatta.

Grunnen til denne seine oppdateringa på bloggen har sikkert litt med å gjera att plasseringa
ikkje blei som forventa denne gangen heller.
Me blei nr 37 ovar all, men tross alt 7 plasser betre enn ifjor.
Målet var å vera på midten av resultatlista, eller helst betre enn da også.
Men det kjem sikkert nye muligheter snart.......


Det er alltid lett i etterkant å sjå kor me valgte feil rute, og når genaker ikkje blir heist opp
på ein rett måte. Men me lærer stadig.

Utan tvil er starten svært viktig, her blei me liggande i eit "stille belte". Men fekk til
slutt vind og på vegen mot Hidle fekk me opp genakeren.
Fin bidevind opp til Ilholmane som me klarte å stå rett opp utan slag.
Ved runding av Ilhomane, såg det ut til at det skulle bli ein fin genakerseilas til mål,
men i staden for vart det heilt vindstille.

Me rek mot Tittelsnes, og det vart bingo om kven som fekk litt vind. Til slutt fekk me også
litt vind igjen og kom oss i mål.


Mannskap på Chablis var: Pim, Leif Rune, Per Svein og Harald.



Alle ombord var samde om at det hadde vært ein fin seilas i vekslande vind og vær.
Vind frå 0 til 5 m/s, og ein del regnbyger.




mandag 1. oktober 2012

Liten oppdatering

Lenge siden sist eg oppdaterte bloggen.
Har vært på overnattingstur med heile familien til Naustbakken på Bømlo.
Kjekt med ein hausttur og ekstra kjekt når været er bra.
Solnedgang på Bømlo

Var også ein kveldstur til Leirvik med internasjonalt mannskap.
To frå Finland, to frå Malaysia, Pim frå Thailand forutan meg og Johanna.
Det var ein frisk austlig vind, der me kun seilte med ein del av genoaen.
Men farten var bra, 6.5 knop, og passelig krenging for dei som aldri hadde vært
i seilbåt før.





Har også deltatt på sesongens siste tirsdagsseilas.
Denne gangen var det 9 båtar med.
Start frå Leirvik med styrbord runding av Hidle.
Fin vind, men med svært mykje straum i fjorden.
Syntes at farten i båten var god, men me skulle stått litt lenger
mot Hidle før me vende. Hadde ikkje genakeren oppe denne gang.
Med frisk austlig vind opp i 10 m/s og regn, så valgte me kaffie og sjokolade
i stadenfor.
Ein fin tur denne gangen også, der me til slutt vart nr 5.
Mannskap: Per Svein og Joao.