søndag 29. april 2012

Scarabeo 8

Søndag i dag og nydelig vær. Blå himmel og lett bris.
Eg og jentene seilte ein ettermidags tur med styrbord runding Scarabeo 8.
Dersom plattformen blir liggende lenge i fjorden så kan me ha den som rudningsmerke
på tirsdagsseilasene.





lørdag 21. april 2012

Tid for vårpussen

Torsdag den 19. april, fekk eg heist båten på land for den årlige vårpussen. No er eg i gang med å vaske, bone og til slutt bunstoffe båten.

I den nye dokken på Eldøyane

Det blei seine kvelden og mørkt før det vart min tur.

mandag 16. april 2012

Seiltur i fint vær

Lørdag den 14. april,  var ein flott dag for ein seiltur.
Med sol og ca 10 grader i lufta, og 4-5 m/s sørvestlig vind.
Fekk testa autopliloten som endelig ser ut til å virka slik den skal.
Turen gjekk til mot Tittelsnes og vidare til Leirvik.
Fantastiske forhold på fjorden.

Møtte ein Hanse 34

Ser ut som ein speidarleir i Sponavikjo?

søndag 1. april 2012

Leirvik

Overnattingstur til Leirvik.
Eldste jenta ville overnatta i båten, og då tok me lika godt turen til Leirvik. Her var det allerede ein del gjestebåtar, som også har starta båtsesongen.

Ikkje så mange gradene i lufta, men med varmeapparet og vifteovn på, så fekk me opp temperaturen og hadde ein fin kveld i "heimehavna".
Gjestehavna i Leirvik, Stord.