søndag 11. september 2011

Søndagstur rundt Fjelberg

Søndag 11. september.
Svært variert vær med regnbyger og sørlig vind opp i 11 m/s.
Starta ut med full seilføring, fant ut at eg ville reva storseilet ein del for å
få ein meir behagelig seilas.
Vart ikkje med på regattaen Fjelberg rundt i dag pga. mannskapsmangel,
og det er ikkje lett å seila åleina når autopiloten ikkje er heilt til å stola på.
Hadde håpa på at autopiloten var iorden i dag etter restarten og kalibreringa,
men det ser ut for at eg må senda den til leverandøren for service.
Det vart ein fin tur og tid til å drikka kaffie i Fjelbergsund.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar