onsdag 28. september 2011

Siste tirsdagsseilas i år

Den 27. september.
I dag gjekk starten frå Eldøy og med styrbord runding Hestholmflua.
I god sørleg vind over 12 m/s i kastene.

Me hadde reva både storsseilet og genoaen.
Hadde ein god start, men me gjekk for langt mot Digerneset og fekk mykje motstraum der.
Tapte ein del på det. 5 båtar var med i dag.
Det vart ein fin tur sjølv om me ikkje vant i dag heller.

Me får komma sterkare tilbake neste år.
Mannskap ombord i dag var Per Svein, og Ragnar R.

Sjå link til Stord Seilforening sine sider her.






tirsdag 20. september 2011

Tirsdags seilas

20. septemeber. I kveld var det fint vær for regattaseiling.
Temperatur 13 grader, opplett og sørvestlig vind som var oppi 10m/s.
Mannskap i dag var Per Svein.
Starten gjekk frå Leirvik med babord runding Hidle.
Me var litt seine i starten og var sist av 4 startande båtar mot Fyrøya.
Frå Hidle til mål seilte me med mykje innslag i storseilet, burde flatet det bedre ut
eller reva litt.
Klarte å komma i mål som båt nr 3. Men med litt for liten margin
så enda me allikevel på 4. plass.
Ein kjempefin tur.






søndag 11. september 2011

Søndagstur rundt Fjelberg

Søndag 11. september.
Svært variert vær med regnbyger og sørlig vind opp i 11 m/s.
Starta ut med full seilføring, fant ut at eg ville reva storseilet ein del for å
få ein meir behagelig seilas.
Vart ikkje med på regattaen Fjelberg rundt i dag pga. mannskapsmangel,
og det er ikkje lett å seila åleina når autopiloten ikkje er heilt til å stola på.
Hadde håpa på at autopiloten var iorden i dag etter restarten og kalibreringa,
men det ser ut for at eg må senda den til leverandøren for service.
Det vart ein fin tur og tid til å drikka kaffie i Fjelbergsund.



fredag 2. september 2011

Kalibrering av autopilot

Fredag den 2. september. Ein liten tur på fjorden for å kalibrera autopiloten. Har hatt litt problem med at autopilot kompasset "henger" seg opp. Har reset systemet, og då må eg ta nokre 360 graders rundinger med båten for å kalibrera systemet. Ser ut til at den fungerer no.



Været var fint med ein liten bris 1-2 m/s. Seilte til Leirvik. På heimvegen auka vinden og då eg runda Eldøyane var vinden oppe i 10 m/s.