lørdag 30. juli 2011

Kopervik

Fra Haugesund gjekk me vidare til Kopervik.
Her har dei ei fin gjestebrygge, og det var merkelig at det ikkje var fleire båter i hamna.
Kopervik viste seg å være ein koselig liten "by".

tirsdag 26. juli 2011

Haugesund

Mandag den 25. juli. Tur til Haugesund. Starta ikkje ut før kl 1830. Ein fin tur for motor, heilt blikkstille heile vegen. Var framme i 2200 tida. 23,7 n.m.
Fekk plass ved hotell Maritim, utanpå ein Contest 43.

søndag 17. juli 2011

Kolbeinshamn

Etter Bergen valgte me ei langt rolegare hamn. Og valget vart Kolbeinshamn.
Her er det ei godt beskytta hamn, og heilt stillt og roleg. Butikken er lagt ned, men ellers er det alle fasiliteter ei gjestehamn bør ha.

Bergen

Tilbake til Bergen igjen, og VG lista topp 20 konsert.
Fint vær og mange som skulle på konsert førte til ganske så fullt med båtar i havna.


Me er her båt nr 4 av 7. Ytterst ein Hanse 540 frå Russland.

Strusshamn

Frå Fedje satte me baugen sørover igjen. Og neste stopp vart Strusshamn.
Her fekk me plass ved Viksund fabrikken.
Strusshamn var ein flott plass og ei svært godt beskytta hamn.
Sidan været ikkje var så bra, så tok me bussen til badelandet Vannkanten i Loddefjord.
Her fekk me og ungane bada litt.

Akkurat plass til to seilbåtar i ein bås. Vår og ein Comfortina 35 frå Tyskland.

mandag 11. juli 2011

Fedje

Etter to overnattinger i Bergen gjekk turen til Fedje via Herdla.
Hadde sørlig vind oppi 13 m/s.
På Fedje fekk me båt plass ved kafeen.
Gjekk oss ein tur til "radaren" på det høgaste punktet på øya.


lørdag 9. juli 2011

Bergen

Gjekk frå Bakkasund til Bergen. Det var heilt blikkstilla over Korsfjorden.
I Bergen er det svært internasjonalt. Seilbåter frå mange europeiske land.
Og det er kjekt å sjå på "bylivet" frå bryggekanten.



fredag 8. juli 2011

Bakkasund

Torsdag den 7. juli seilte me vidare til Bakkasund. Hadde fin vind 5-7 m/s og sol heile vegen.
Her fekk me plass heilt inne i havna. Bakkasund var ein kjekk plass. Gjekk tur om kvelden over bruene til Nautøya og Spissøya. Kunne trudd at me var i Trekantsambandet.

Utover kvelden kom det mange båter og havna vart etter kvart ganske full.


torsdag 7. juli 2011

Bjekkarvik

Onsdag den 6. juli. Tur til Bekkjarvik. Turen starta med regn når me skulle bera saker og ting ombord i båten. Men det lysna litt og me starta på turen. Hadde motvind heile vegen til Bekkjarvik. Var framme kl 2030. Fortøyde i den nye gjestehavna.
Der var det ei fin flytebrygge og god plass til båten.

Arne og Målfrid var allerede på plass i "sentrum" og anbefalte oss den nye havna siden det var ganske fullt der.

Været vart etter kvart fint og vinden stilna mot natten.