lørdag 30. april 2011

Vårpuss

Frdag den 29. april vart båten løfta på land for en årlige vårpussen.
Har i dag vaska og fått skifta probell til Kiwi prop. Er spent på å få prøva den og sjå om det blir store forandringar på farten under seil. Vekta på båten var ca. 8 tonn.
Nydelig vær til å jobba med båten.

tirsdag 26. april 2011

Påsketur

Påsketur til Skånevik.
Reiste onsdag den 20. april. Været var fint, og heilt blikkstille på fjorden.
Fortøydde båten ved gjestehavna.
Planen var å seila vidare neste dag, men det var så fint at me blei
verande til påskeafto før me seilte heim igjen.
Gjekk turar kvar dag, bl. a. til Villmarkssenteret. Her ifra har ein
fantastisk utsikt over Skånevik og mot Kvinnherad.








søndag 24. april 2011

Fisketur

Det går fint an å fiske fra seilbåt. Var ein tur til Valebrotet
for å prøve fiskelykken, men fekk kun eit napp.
Men det var utruleg mange båtar som passerte oss der.
Her er nokre av dei:





Så kom ein liten bris og me fekk seilt litt.

mandag 18. april 2011

Seilkurs

Søndag den 17. april arrangerte Stord seilforening seilkurs med Karl Otto Book som instruktør.
Først litt seilteori og etterpå ut på sjøen for å trene på seiltrim og regatta starter.
Det var ca. 20 deltakarar på kurset.
Det vart ein lærerik dag.
Var heldig og fekk Leif Rune som dyktig mannskap ombord.








tirsdag 12. april 2011

Første seiltur i år

Årets første seiltur mandag den 11. april.
Fint vær, og nesten heilt vindstille.
Men det var kjekt å få lufta seila igjen.


søndag 10. april 2011

Båtmesse i Haugesund

Laurdag den 9. april var eg ein tur innom båtmessa i Haugesund.
Det var ikkje så mange seilbåtar der, kun Bavaria og ein katamaran.

Været var fint, og det var bra med folk på messa.