tirsdag 30. juli 2013

Hidleseilasen del 1 og 2

I år var me med på Hidleseilasen igjen.
Start frå Leirvik fredag den 26. juli. Så rundt Hidle og mål i Fjelbergsundet.
Lite vind i starten gjorde at me vart litt etter, men vinden tok seg opp og det blei ein flott seilas til Fjelberg. Det var 10 båtar som stillte til start.
Frå starten på Leirvik

Fin vind, Borgondnuten i sikte
Mykje båtar var det allerede i båthavna, men me var heldige og fekk ein god plass
attmed ein akkurat samme type båt fra Karmøy.

Laudagskvelden var det som tradisjonen tilseier julibord på Sjøstova med pinnakjøt, julasanger og julinisse.
Odd holdt tale på Sjøstova og meinte at dette var den 30. gangen Stord Seilforening arrangerte Hidleseilasen.
1. plassen gjekk til Sigurd som dermed fekk napp i Sindres vandrepokal.

Del 2 av seilasen starta sundag kl 1300, med nesten heilt vindstille og god straum ut Fjelbergsund.
Straumen og nokre vindpust gjorde at med rek mot Ilholmane. Når me nærma oss runding av Ilholamene fekk me ein fin bris og at me klarte makstida med bra margin.



Fjelberg

Fjelberg


Fjordfryd

Blåfugl

Fjordfryd

Amelia

Linnea og Blåfugl

Liten fart og regn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar