onsdag 28. september 2011

Siste tirsdagsseilas i år

Den 27. september.
I dag gjekk starten frå Eldøy og med styrbord runding Hestholmflua.
I god sørleg vind over 12 m/s i kastene.

Me hadde reva både storsseilet og genoaen.
Hadde ein god start, men me gjekk for langt mot Digerneset og fekk mykje motstraum der.
Tapte ein del på det. 5 båtar var med i dag.
Det vart ein fin tur sjølv om me ikkje vant i dag heller.

Me får komma sterkare tilbake neste år.
Mannskap ombord i dag var Per Svein, og Ragnar R.

Sjå link til Stord Seilforening sine sider her.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar